Nytt frå folkedans-frontenSymra-logo
Tilbake til hovudsida
Her vil vi presentere forskjellige nyheiter på folkedans- og folkemusikk-fronten. det vil vere ting vi les i aviser og blad eller som vi høyrer "på gata" og som vi trur at lesarar av denne sida kan vere interessert i. Det vil ikkje vere noko systematisk oversikt. Berre korte meldingar om kurs, kappleikar, stemne, plater, bøker etc.

Mange nye plater vår/sumar 1999 med folkemusikk
Vi kan nemne desse: Øyvind Brabant: Vrengja, Rallarlaget: På ville veier, Utla (med Håkon Høgemo): Dans, Spelemannsskulen: I boks, Tone Hulbekmo: Kyrkja, Nye Ringnesin: Leik, Småviltlaget: Lader om, Bjøyinn og bjøynnongein: Kvarts, Sven Nyhuskvartett: Bergrosa og smeden, Oslo Kammerkor: Bergtatt, Hallgrim Berg og Erik Røine: Munnharpa.

Landskappleiken år 2000
blir på Voss, med Leif Rygg som stemnegeneral.

Den norske folkemusikkscena/ folkemusikkpøppen
er i gang annan kvar måndag på ny stad: Josefine Vertshus (Josefinegt. 16)  i Oslo. Det er LfS og NFD som står bak. Dei har info på Internett: www.folkemusikk.no. Neste gong er Torsdag 14. oktober, med Unni Løvlid som har plateslepp og workshop.

Nye heiderlagsmedler i LfS
På  landskappleiken i Oppdal vart det to nye heidersmedlemer: Knut Myrann og Inge Gotland.

Folkemusikkprisar i Norsk Folkemusikkfond 1999
Prisane som LfS og NRK står bak, på 15000 kvar, gjekk til  Leif Rygg (49) kjend spelemann frå Voss, Hilde Bjørkum (41) fylkesmusikar og dansar i Sogn og Fjordane og liear i RFF og Øystein Ovrum Rudi (30) lovande spelemann på fele og liear i Sør-Fron Spelemannslag.

På Landskappleiken i Oppdal 1999
var det Trond Steffen Westberg frå Brekken som vann Finalespelet - nyskapinga av året på Landskappleiken. Han vart også best i spel klasse A vanleg fele. Leif Rygg vann klasse A hardingfele. I dans vanleg fele klasse A vann Eva Rusten og Håkon Sandum frå Vågå, og i hardignfeleklassen Anne Røine og Håkon Dregelid I vokal folkemusikk klasse A vann Ingvild Marit Granås og Anne Gravir vann klasse B. I lagspel fele senior vann Lom spel- og dansarlag, medan Indre Sunnfjord Spelemannslag vann haradingfele senior.

To kjende tradisjonsberarar på fele er gått bort.
Begge frå Gudbrandsdalen: Hans W. Brimi og Erling Kjøk har gått bort i år. Dei var begge dugande spelemenn og tradisjonsberarar. Brimi vann landskappleiken ei rad gonger, og spela inn mange plater.

Førdefestivalen 8.-11. juli
I år er det 10-års jubileum for denne populære festivalen med internasjonal og norsk folkemusikk.

Telemark-festivalen i Bø  er om musikk som vandrar
Også i år er det eit variert program på festivalen med mange kurs (også som vanleg).

Jørn Hilmestemnet på Fagernes er 22-25. juli
Ein fin og intim kappleik blir det nok som vanleg. Konsertar og kappspel. Og ny CD av Ola Bøe.

Minneord om Jon Tryti i Spelemannsbladet
I mai-nummeret av Spelemannsbladet står det minneord om spelemannen vår som døydde i februar.

Årsmøte i Landslaget for spelemenn
På  årsmøtet vart Trond-Ole Haug attvald som leiar.

Ugreiing om norsk folkemusikk og folkedans
Begge dei store folkemusikkorganisasjonane  (NFF og LfS) har saman søkt    Kulturrådet om pengar til ei utgreiing. Dei fekk 400000 kr. Utgreiinga skal baserast på Handlingsplanen frå 1994. 

NFD- Norsk Folkemusikk- og Danselag har hatt årsmøte i mars
På årsmøtet vart Hauk Buen utnemnd som æresmedlem. Halvard Kaasa vart attvald som leiar, og med i styret kom nye Harald B. Knutsen og Maria Høgetveit Berg. Til årsmøtet vart den åttand årboka ferdig - sikkert med same gode innhaldet som før om åra. Laget har fått ansvaret for å lage ein internettbasert katalog: Norsk Folkemusikkkatalog. Gro Bøe Eriksen skal utføre arbeidet.

Knut Buen riddar av St. Olavs Orden
Som den fjerde innan "rørsla" har Knut Buen fått denne utmerkinga. Sidan denne ordenen vart oppretta i 1947 har desse også fått heideren: Arne Bjørndal (1953), Klara Semb (1954), og Sigbjørn Bernhoft Osa (1973).

Ny plate frå Setesdal
Kirsten Bråthen Berg og Hallvard T. Bjørgum har kome med ny spennande plate: Runarstreng. 

Ny plate også frå Ånon Egeland
Den allsidige musikaren har kome med soloplate med Agdermusikk. Plata er på Heilo/Grappa. Plata har fått fin omtale som venta.

Innbyding til leikfest på Dombås med Nye Ringnesin
Igjen har det kome innbyding til leikfest på Dombås laurdag 17. april kl 19-02. Det er framifrå musikk: Nye Ringnesin  spelar. Mat og kaffi og kaker, inngangspengar kr 175, og påmelding til Ragnhild Utgaard Smette 61241511 innan 10. april. Dette brukar å vere ein svært gild leikfest med mykje folk og god stemning. Det er 10. gongen leikfesten blir skipa til. Meld deg på!

Årsmøtet i BLS var 16. mars
På årsmøtet vart Arne Magne Håvardstun (BUL) vald til ny leiar etter Eirik Skogen. Økonomiansvarleg vart Tom Johnsen (Rundsnuen), bygningsansvarleg Werner Dyås (Symra), folkedansansvarleg Victoria Carlsen (Sogn og Fj), teateransvarleg Einar Ewald (BUL) og samfunnsansvarleg Bjørn Harald Flobekk (Symra). Nestleiar blir valt seinare. Medlemspengane vart auka frå kr 30 til kr 40. Ved utgangen av 1998 var det 22 hovudlag og 1 særlag i BLS, med i alt 1567 medlemer. Av dei var 298 under 26 år (43stk 15-19 år og 154 under 14 år).

Fagseminara i NU er 16.-18. april på
Tema i år er mellom anna "Hundre år med folkekultur" og "Hundreåret dansar". I forkant av seminaret vert det folkedanskurs retta mot den nye læreplanen for grunnskulen

Sommarkursa i NU 1999 på Møre folkehøgskule 1.-8. august
Det er mange tilbod under kurset, i folkedansrettleiing, i spel, i bunader, i leiartrening etc. Påmelding til NU-kontoret innan 10. juni.

Festskrift for Knut Buen
Knut Buen er 50 år, og har fått sitt festskrift. Eivind blikstad er redaktør og boka er på 240 sider. Boka er ei samling artiklar skrivne av folk som kjenner Knut og folkemusikken godt.

Vokal folkemusikk frå Sogn og Fjordane på CDar
Skumringstimen heiter heftet med vokal folkemusikk frå Sogn og Fjordane. Ho inneheld 111 songar med tekst og notar og 2 stk CDar. Boka kostar kr 248.

Sven Nyhus med 5 nye CD'ar med Rørosmusikk
Dei fem CD'ane med musikk frå Røros-taktom er ei vidareføring av boka "Pols i Røros-traktom" som kom på 70-talet. Det er i alt 132 polsar.

 Minnekonsert for Harald Røine 20. mars
Det vart ein gild konsert til minne om Harald Røine. Mange spelemenn og kvedarar deltok, og det var mange som høyrde på, både frå Oslo-området, frå Valdres og mange andre stader.

Landsfestivalen i gamaldansmusikk 1999 er på Geilo 14.-18. juli
Igjen er det Geilo som er stemnestad. Det var Landskappleik der i 1969, i 1986 og Landsfestival i Gamaldansmusikk i 1992. Landsfestivalen vart første gong skipa til i 1986. Leiar i hovudnemnda er Øyvind Kvile.

Herrefoss, Bjørgum og Hamre fekk spelemannsprisen
Som venta fekk dei tre spelelmannsprisen for CD'en Toneflaum som kom i 1998.

Folkemusikkscena i Oslo
I vår blir det folkemusikkpøbb på Gamla i Oslo desse månadagane: 11. og 25. januar, 8. og 22. februar, 8. og 22. mars, 12. og 26. april, 10. og 31. mai og 7. juni. Framover er programmet slik: 22/3: Sven Nyhus og Sogn-og-Fjordaneringen. 12/4: Ånond Egelend og Østerdølenes Folkedanslag. 26/4: Hallgrim Berg og Erik Røine og Valdreslaget. 10/5: Roger Slåstuen og Terje Rusten og Telelaget. 31/5: ?? 7/6: Frode Nyvold og Hallinglaget.

 Folkesongar i Hordaland
heiter ei ny fin bok som kom hausten 98. Ho er skriven av Reidun Horvei, og inneheld også to CD'ar. Boka har fått svært fin omtale.

Færøy-kvar i 40 bind
På Færøyane har dei planlagt ei folkeutgåve av færøyiske kvad. Dei første 5 binda kom i 1998.

Landskappleiken på Oppdal
Landskappleiken på Oppdal blir 24-27 juni. For første gong blir det pengepremiar til dei beste kr 5000 til saman.

Ny Bukkene Bruse CD
Steinstolen heiter den nye plata til denne gruppa. Dei tre "gamle" i gruppa har fått med seg Bjørn Ole Rasch. Plata har eit variert innhald og har fått svært fin omtale i aviser og blad.

Brit Håland ny leiar
Brit Håland, Oslo, er vald til ny leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim.

750000 kr til Annbjørg Lien
Hausten 1998 fekk Annbjørg Lien landets største musikkstipend frå Norsk kasettavgiftsfond - eit lanseringsstipend. Det er første gongen det er utdelt til ein folkemusikar.

Norsk Folkemusikklag
Dette laget, som er ei avdeling av ICTM, har årsmøte og seminar på Gol 13.-14. februar 1999.

Lat fela låte og dansen gå
er namnet på ei ny biletbok i høve LfS ditt 75-års jubileum. Redaktørar har vore Jans Myro og Bjørn Lien. Boka er på 160 sider. Boka kostar kr 269.

til toppen av sida