Ivar Aasen i heimegrenda
Ivar Digernes



Alle kjenner diktet "Gamle grendi" av Ivar Aasen:

Tidt eg minnest ein gamall Gard
med store Tre og Runnar.
Vollar, Bakkar og Berg og Skard
og Blomster paa grøne Grunnar.
Der eg hadde meg so godt eit Rom:
Hus og Mark med baade Bær og Blom,
alt eg nøytte som ein Eigedom
med baade Lut og Lunnar.

Den grenda som Aasen her tenkjer på, er Hovdebygda i Ørsta.
Ørstafjorden er ein liten, smal fjordarm på om lag ei halv mil som stikk av mot Aust frå Storfjorden. Fjorden ligg i livd mot tungalda utanfrå, men diverre ikkje mot havskodda, så her er ofte ruskut ver. Langs fjorden ligg vakre gardar, og frå fjordbotnen går det opp ein brei dal som kløyver seg i to over mot Hjørundfjorden. Landskapet er ei blanding av blid ynde og all den villskap ein berre kan ynskje seg. Frå dei høge toppane ser ein ut over eit storkna hav med berre litt grønt i båredalane. Men nede ved fjorden og frametter dalen er det frodig og fagert. For ein innfødd ørsting er det ingen tvil om at noko venare kan ein ingen stad sjå.

I Ivar Aasens ungdom var det jamt over fatigt og ringt stell på Sunnmørsbygdene. Gardsdrifta følgde utgamle tradisjonar som ikkje hadde skift stort frå vikingtida. Om vintrane rodde dei fleste av karane fiske. Når det var uår på land og sjø, kunne ein bli nøydd til å blande borkemjøl i brødet. Slik var det allvisst like til 1814, sia var det nokon framgang, men det gjekk ikkje fort. Likevel må ingen tru at det var barbarar som budde her oppe på den tida. Når ein ser på den reidskap og den husbyggjingskunst osv. som ein kan studere på Sunnmørsmuseet på Borgundgavlen, så får ein eit overtydande inntrykk av at den gamle naturalhushaldskulturen kravde ein allsidig innsats og utvikling av evner og eigenskaper.

Folket i Ørsta, som like til 1860 var anneks til Volda prestegjeld, var for det aller meste det ein på Austlandet nærmast ville kalle småbrukarar. Storgardar fanst ikkje. Det var nokre plassemenn, men arbeidsplikta deira på gardane spela mindre rolle. Plassemennene var for det meste handverkarar eller andre arbeidsfolk, fiskarar osv. som ikkje hadde jord, men måtte ha plass til ei stove og ein potetreit. Storkarane budde på kjyrkjestaden Hallkjellsvik i Volda. I Ørsta var det berre ein einaste storhandelsmann, Vebjørn Svendsen, ein innflytt haugianar, som og dreiv jektebruk og fiske med leigde folk. I lange tider var Svendsenfolket dei einaste "kondisjonerte" i Ørsta.

Garden Åsen ligg ved vegen mellom Ørstavik og Hallkjellsvik midt på den vesle halvøya mellom Volda og Ørsta. I Ivar Aasens ungdom var det svært lite ferdsel her, den gongen brukte ein nemleg båt når ein skulle nokon stad, så Ivar Aasen kom til å vokse opp på ein einbølt gard og hadde lite høve til å leike med jamaldringar. garden ligg oppe i lia over eit lite vatn som no er mest attgrodd. Bortafor, mot Voldsfjorden, er ein gammal furuskog - "Furene" dei kallar - og bak den ligg storgarden Ekset som etter at opplysningsmannen Sivert Aarflot hadde slått seg ned der vart eit slags kultursentrum for heile Søre Sunnmøre.

Aasen var leilendingsbruk, og både far til Ivar og den eldre broren som tok garden etter han, levde i små kår. Iver Andreas, som den store målgranskaren vart døypt, var den yngste av sju sysken. han seier sjølv at fødedagen hans, t. august 1813, ikkje var noen glededag i Aasen, "da de hadde unger nok før der hjemme. Jeg var en fulkommen oskefis." Mora til Iver Andreas heitte Guri Jonsdotter og var visstnok frå Gunnargarden i Ytre-Hovden. Iallefall seier Ørsta-historikaren Ivar Myklebust at ho var av Kauren-Skrepp-ætta i Ytre-Hovden. Ho var innpå 50 år då minstebarnet kom til verda, og døydde berre tre år etter. Faren døydde då Iver Andreas var 12 år gammal. Dei kalla guten Andreas (Åse-Andreas) i oppvoksteren.

I 1841 skreiv Aasen en liten sjølvbiografi der han stutt fortel litt om livssoga si. han seier at så lenge faren levde,m hadde han høve til å dyrke "min yndlingsfornøyelse" - nemleg å lese, men bokforrådet dei hadde i Åsen var ikkje stort. Det var ikkje anna enn 10-12 gamle andaktsbøker og ein bibel. Denne bibelen var "det dyrebareste av alt jeg kjente", sier han.
Då eldste broren, Jon, tok ved garden, kom ei tung tid for den vesle veike guten. Broren, som diktarpresten Anders Hovden karakteriserar som ein "hækjen kar og eit rivande arbeidsjarn", truga guten til hardt gardsarbeid, noko habn korkje hadde krefter eller hug til. Jon tykte aldri han gjorde like for maten og straffa han stundom med å setja han på smal kost. Far til Anders Hovden, Karl Hovden (han som diktet "Handi hans far min" er vigt til), har fortalt at Ivar ofte fanga fugl og selde. Så sat han inne med bøkene så lenge maten varde. "Men han fekk ikkje botn i seg med maten, så han gjekk der som ein liten knurv, seier Hovden. Ein annan tradisjon frå heimbygda går ut på at Åse-Andreas pla stige opp på ein stein og halde preike for sauene når han var ute og gjætte.

Den idylliske tonen og stemninga i "Gamle Grendi" har ingen bakgrunn av ein god barndomsheim, men er heller inspirert av minnet om heile miljøet i bygda slik det sto for diktaren mange år etter:

Heime var eg so vida kjend
og slapp inn, kvar eg vilde,
i kvart Hus i den heile Grend,
um endaa Folket kvilde.
Der var Kjenningar i kvar ei Kraa,
og naar eg ukjende Folk fekk sjaa,
spurde eg radt, kvar dei var ifraa,
og d e i var lika milde.

Dei beiske røynslene frå desse fem åra, fra 1825 til 1831, har nok sett sitt merke på visa " Tenesta i Pegara" som er ei av dei fem visene i "det søndre søndmørske almuesprog" som vart trykt på Ekset i 1843. Der heiter det:

I Pegara tent' e ett laangtrøitt Aar;
Aa alle mi Trøst va denn ventandes Vaar
So dærifraa skulde me frie.
Dæ gjekk ti ett evigt Vaas og Tvag;
So laang som ei Vike va kvar einn Dag,
Aa Aare va længer eld' tie.


På kyrkjegolvet konfirmasjonsdagen var konfirmantene oppstilte etter kunnskapane. Ivar sto øvst. Han hadde på seg ei lånt trøye, ei ullskjorte som var mykje for stor til han. Presten F.H.Blichfeldt, var dauvhøyrd og brukte høyrerør. Når ingen annen kunne svare, visste han kven han skulle gå til. Ivar ga slike svar at folk måtte undrast. Det er far til Anders Hovden som har fortalt dette.

I 1831 var ivar endeleg tilsett som "constitueret Skoleholder" i Ørsta. No fekk han tid til å sanka seg kunnskapar. Ei stor hjelp var det for han at han hadde tilgjenge til den boksamlinga som lensmannog "dannebrogsmann" Sivert K. Aarflot hadde grunnlagt på Ekset ved Voldsfjorden, berre eit par-tre kilometer bortafor Åsen.
Sivert Aarflot er ein av dei merkelegaste opplysningsmennene vi har hatt her i landet. Han var og bondegut frå Ørsta, hadde vori skulehaldar og vert seinare lensmann i Volda, kjøpte garden Ekset og flytte dit. Han skreiv ei rad med opplysningsskrifter, grunnla i 1808 eit trykkeri på Ekset - det fjerde i Norge - (den primitive handpressa finst enno på Ekset), han lærde folk å dyrke hamp og nytte almebork og fjellmose til matsurrogat
i naudsåra grunnla eit "Sogneselskab for Woldens Prestegields Vel" og heldt til og med ein slags søndagsskule i sakristiet i Voldskyrkja etter preika på sundagsettermiddagane. Ei av døtrene til Sivert Aarflot var den kjende salmediktarinna Berthe Kanutte Aarflot. Sonen, Rasmus Aarflot, vart stortingsmann og hyrde til Ivars vener etter at han hadde slått seg ned i Kristiania.

Men beste venen til Ivar i ungdomen var Sivert Rasmussen Aarflot som var[!t] tre år yngre enn han, fødd i 1816. På Ekset finst det ei samling med gamle brev som viser at det omkring desse to ungdomane hadde samle seg ein krins av kunnskapshungrande ungdom som interesserte seg livleg for det som gjekk føre seg i tida. Mellom desse to ungdomane var Rasmus Jakobsen Vasbotn, Knut Kolbensen Barstad, som og blir nemnd som ein av dei som sto Ivar Aasen særleg nær, skulelær Arne Tømmerbak m.fl. Dei heldt kontakt med kvarandre gjennom brevbyte, lånte kvarandre bøker og avskrifter osv.

Sumaren 1833 reiste Ivar Aasen til prost Thoresen på Herøy for å gå på den skulen for folkeskulelærarar som var sett i gang på prestegarden. I dei åra Ivar var der, hadde han og venen hans på Ekset jamnt brevbyte med kvarandre. Ein har 8 brev frå Ivar og 3 frå Sivert som er førde i ei Copie-Bog for Sivert R. Aarflot, begynt den 4. Mai 1834. Det er forvitnelege brev. Det er alvorlege problem dei to unge mennene - den yngste var 18 år gammal - diskuterar: vitskap, litteratur, samfunnsspørsmål osv. Tonen er litt stivt gamalklok, dei tiltalar kvarandre med "De" og "Dem" osv. Det er tydeleg at dei andre venene har vore klåre over at Ivar Andreas hadde merkelege evner. Rasmus Vasbotn har såleis sagt til Sivert at han hadde hatt hug til å skrive til I. Aasen, men ikkje tort, fordi han (står slik) under han i kunnskap og skrivekunst. Sivert fortel om dette i eit brev til Ivar Aasen. Han legg til han veit han sjølv står langt under Ivar, men han skriv no til han likevel. I eit brev frå den 2. november 1834 skriv Sivert:
"Nu kommer jeg til en viktig artikel, nemlig om Deres fremtidige bestemmelse. Det har stedse været, ligsom det formodentlig stedse vil være min anskuelse at Deres genie og evner ere for store blot at være en almueskoleholder eller lærer ved et skoleholderseminarium, især ved et så simpelt som det på Søndmøer opprettede formodentlig vil blive. Da De virkelig er skikket til at blive en stor mand i staten, saa er det saa meget mere viktigt som nødvendigt for Dem at sørge for at hensigten dermed på bedste maate kan fremmes".
Så gir han ei utgreiing om kva som var gjort for universtetet og den høgare skulen i landet, og meiner at på studiet må vera fritt, slik at det berre var mat og klede Aasen måtte halde seg med sjølv. Han rår venen til å slå inn på den akademiske vegen, og trur at det er teologi han helst vil studere.

Ivar Aasen hadde tidleg teke til å rime. På Herøy prestegard fekk han systematisk opplæring i rimekunst eller "poesi". Hausten 1833 fekk Ivar i oppgåve å skrive eit læredikt om dei fire årstidene, ei vanleg skuleoppgåve den tida. Då diktet var ferdig, sende Ivar det til Sivert, og så gjekki det til avskrift frå mann til mann i venekrinsen. Sivert bad Ivar om å få trykke diktet, helst i eit større opplag, for det ville løne seg best. Men Ivar Aasen sa nei. Han var svært redd for at desse første rimøvingane hans skulle kome på prent. Det var ikkje få dikt han skreiv. Den unge venen hans på Ekset var svært oppglødd for denne diktinga, og han sette seg tilmed i sving for å få gjort Ivar Aasen kjend vidare utover landet. Det er karakteristisk at dei han vender seg til er representantar for bondeopposisjonen eller folk som var kjende som fridomsmenn. I kopiboka si har han såleis notert:
1835. Novbr 20. Til hr stud. S. Sivertsøn sendt Aasens digte. 1 "Haabet", 2 "Mit fødeland", 3. "Morgenrøden".
B. 1. "Adskillelsen", 2. "Naturen", 3. "Glæde og sorg. 4. "Min lyst" og 5. "Nytaarssang". Skildring av Aasen.


Sylvester Sivertsøn var ein av Wergelands vener, kjend som journalist og forfattar (d. 1847)

6. januar 1936 [1836] sende Sivert Aarflot eit brev til hr. fuldmægtig Carl Andreas Fougstad,der han "foruden at gjøre han bekjendt med I.A.Asens genie, evner og stilling" sende han nokre av Asens "poesier". I same brevet har Sivert Aarflot komi med nokre "frimodige ytringer om stortingsvalget i Romsdals amt samt det herværende bogtrykkeri og landboeavisen"

Og endeleg finn ein under 13. januar 1936 [1836]:
"Do Hr. cand theol. Henr. Wergeland, sendt Aasens digte: A. "Aarstiderne", "Sjælens udødelighet", "Klagedigt", "Opstandelsen", "Naturen", "Adskillelsen", "Min lyst", "Mit fødeland" og "Idylle".

Carl Andreas Fougstad var kjend som forfattar av to "politisk-kritiske studier" over stortinga i 1833 og 1836. Vart seinare medredaktør av "Den Constitutionelle". Han høyrde til Welhavens krins.

Om Wergeland eller nokon av dei andre har reagert på desse breva, veit vi ikkje. Det er slett ikkje utenkjeleg at dei har. På Ekset er det lite funni att av Aasens ungdomsdikt. Det er truleg at iallefall fleire av desse dikta har vori i omlaup i avskrifter. Trykte vart dei iallefall ikkje.
Ivar Aasen var svært blyg og ville ikkje at slikt som han rekna for umogne elevøvingar skulle bli trykt. Så seint som i 40-åra skreiv han til venen Maurits A. Arflot og minte han på at han ikkje måtte trykkje noko av dikta hans frå før 1840.

Sivert Aarflot fekk ikkje høve til å gjere meir for å "lansere" den geniale venen sin. Han døydde etter eit ulukkestilfelle i februar 1836. Ivar Aasen ga uttryk for sin sorg i eit dikt som er teke inn i "Landboe-Avisen" (som vart utgitt på Ekset) for 26. mars 1836. Det byrjar slik:
Ak, hvilket Savn. Er Du da alt forsvunden.
Er Du ei mere blandt oss her paa Jord?
Indtraf saa brat, saa tidlig Afskedsstunden?
Du viiste Dig, og - strax Du heden foer.


Ein kan godt skjøne at Ivar Aasen ikkje gjerne såg at dei poetiske ungdomssyndene hans vart prenta. Dei få prøvene vi har på dei, tyder på at dei stort sett var bleik og tildels nokså hjelpeslaus etterdikting etter Claus Frimann og andre rimsmedar. Dei første dikta hans som det var noko ved, er nok dei visene som han skreiv på Sunnmørsdialekten. Først der fann han ei form som var hans eigen.
Utviklinga hans i ungdomsåra gjekk tydelegvis nokså langsamt. Han visste det sjølv, og difor klagar han over at mykje av ungdomstida hans hadde vori spilt. Enno på sin førtiande fødselsdag skreiv han:

Tidi er tapt, og det er visst.
ho kjem ikkje atter di verre.
Tie aar maa du hava misst,
og helder fleire enn færre.

Dette var elles ei stor overdriving, for då (i 1852) hadde han både gjort ferdig ordboka og den norske grammatikken og utarbeidt grunnlaget for sin nynorske normal, eller med andre ord på få år gjort eit storverk som ingen annan i dette landet kunne ha makta.

I åra framover kom Aasen sjeldan tilbake til Ørsta. I 1841 tok han fatt på arbeidet sitt med å samle inn tilfanget til ordboka og den norske grammatikken. Frå slutten av 40-åra busette han seg i Kristiania, og der vart han verande. Men han heldt alltid ved like ei levande interesse for livet i heimegrendene. Med Aarflot-karane på tinget og andre utflytte folk der oppe hadde han god kontakt. Han hjelpte fram mang ein gåverik bondestudent frå heimbygda som Anders Hovden og andre sunnmøringar.

Endå folket hans i Ørsta lenge hadde lite sans for livsverket hans, og han hadde mange såre minne frå heimen, heldt han ved like ein rørande kjærleik til det jamne arbeidsfolket på landsbygda som han var utstokken frå. Det er sjølvsagt urett å dikte Aasen om til ein ideolog for eit reaksjonært storbondesyn, like urett som det er [å] snakke om at han er representant for "husmansssynet". utviklingsvegen hans var lang og vanskeleg, men han hadde den lukka at han alt i ungdomen fann vener som forsto han og jamna vegen for han. Tilhøvet hans til den unge Sivert Årrflot [Årflot] viser det klårt nok. Så primitive og ringe som dei materielle tilhøva i Sunnmørsbygdene var på den tid, var just "Voldens prestegjeld" eit slags sentrum for opplysningstrong og reisingsvilje mellom bondefolket. For så vidt er det ikkje berre slumpen at Ivar Aasen kom nettopp frå Hovdebygda i Ørsta sokn.

Siste gongen Ivar Aasen var heime i Ørsta, var 1886. Han ville sjå til broren sin, Syver Steinnes, som låg for døden. Han fekk seg hest og karjol og køyrde ut til Steinnes. På tilbakevegen steig han ut or karjolen og gjekk gjennom Hovdegarden og prata med folk. Morsyster mi, Oluffa Digernes, som den gongen var ei ung gjente, fortel at han var ein skrinn og noko tuslute mann, og ho tykte så synd på han "fordi han hadde så skiten snipp".

I mellomtida hadde ungdomen frå Ørsta og Volda samla seg i store flokkar inne i Åsetunet for å hylle Aasen. Men han viste seg ikkje, Han gøymde seg oppe i småskogen i Hovde-Aasen og satt der og prata med Gamle-Pål Digernes. Medan dei sat der, kom ho Ammonia i Bergja, ei plasskjerring som var overlag bibelsprengd, frå Voldskyrkja. Ho siterte då profeten Ezekiel (eller var det Jeremias?) om "de hærskarers hærskarer" på ein slik måte at gamlingen lo godt. Ivar Aasen hadde sans for slikt. Han laut og dra på smilebandet då Kolås-Nils, som hadde vori skulelærar og galdt for å vere ein opplyst mann, ved same høve komplimenterte den store sambygdingen sin slik:
Ja, du Ivar, du Ivar, du er no brykta over heile verda du.

Det er synd at det ikkje vart teke betre vare på minna om Ivar Aasen den tid det enno levde folk som verkeleg kjende han. no er det ikkje så lett å rekonstruere eit heilt bilete av livet hans. Det har for lenge siden laga seg ymse legender, til dømes om tilhøvet hans til det "svake kjønn" og til religionen. No er det endeleg sett opp eit slags Aasen-museum i Hovden, og det er ikkje lenger nokon fåre for at mol og mott skal "fortære" biblioteket og kleda og dei andre skrale eignelutene han let etter seg. Det er vel og bra, og vi skal ikkje klaga over at museet er eit betonghus med torvtak på, ein kombinasjon som knap kan kallast "stilrein".

Ørsta er no ei heilt anna bygd enn i Ivar Aasens ungdom. Det er slutt på den patriarkalske idyllen. Bygdesentret, Ørstavik, er ein liten såkalla blømande industriby, og dei infødde i "gamlegrenda" livnærer seg for det meste som industriarbeidarar. Folketalet i Ørsta er auka til om lag det femdobbelte på vel 100 år. Her har folket verkeleg "snutt om vollane og flutt og rudt og bygt". Men dei gamle fjell i syningom står der som før, både Saudehornet og Nipa og Verahalden og Kolåstinden og alle dei andre. Sunnmørsmålet er vel blanda opp med romsdalsk og riks- og kringkastingsknot til eit forunderleg røre, ein kan ikkje lenger banka på kvar den dør og sleppe inn kvar ein ville, for mammon og framsteg har gjort hugane hardare og skilt brør frå brør. Ivar Aasen ville hatt vanskeleg for å kjenne si gamle grend att om han såg den att på jordi i dag. Men som sagt - dei gamle fjella, dei står der enno, og enno trur eg anden hans yver oss mun sviva.



Ivar Aasen i heimegrenda / av Ivar Digernes. - S.4-6, 29-31 : ill.
I: Magasinet [for alle]. - Årg. 22, nr. 11-12 (12. mars 1949).