OLAUS FJØRTOFT
Reinert Torgeirson


Eg ser han for meg : høg og tynn og bleik
eit Kristus-andlet, kropp og skapnad veik,
med augo skinande av tru og eld
om folkets fridom han ei tale held

Eg ser han i ei kaffistovekrå,
der os og røyk gjer lufta tung og grå.
Han sit der i ein krins av svoltne menn
og klårt og vermande hans loge brenn.

Eg ser han på den raude talarstol
på Tjuveholmen, gylt av middagssol.
Høyr, skratt og glåpord i frå byens snobb!
Sjå, stokk og steinar i frå mug og mobb!

Eg ser kor han frå alt blir utestengd
og som eit gagnlaust tre tilsides slengd.
og enno ung han stupar, sjuk og knekt,
langt borte ifrå heimen og si slekt.

Men tru meg, landsmenn, at det sjeldan fans
ein høgreist vilje, reinare enn hans.
Og difor enno ung og sterk og klår
og manande han i vår soge står


R.T. [Reinert Torgeirson]




Olaus Fjørtoft / R.T. - S. 9
I: Nynorsk vekeblad. - Årg. 14, nr. 43/44 (25. oktober 1947)