Tilbale til Norsk Antipsykiatri: Dokumentindex

Lesarbrev til Nationendebatt@nationen.no

WSO, AURORA og FAMPO

26. mars gav Nationen ut nok eitt av sine interessante temanummer um helse. På s. 22 er det eit oversyn over nokre få av interesseorganisasjonane for psykiatriutsette. Det er prisverdig at AURORA står, det er ikkje alle som ville ha gitt AURORA den merksemda. Men eg saknar Landsforeningen We Shall Overcome (WSO) på denne lista. WSO vart skipa i 1968, 10 år før Mental Helse Noreg og 26 år før AURORA, og WSO burde både på grunnlag av alder, storleik og aktivitetsnivå kvalifisere til ein plass på denne lista.

Ein annan organisasjon som også gjerne kunne ha vori nemnt er Folkeaksjonen Mot Psykiaternes Overgrep (FAMPO). Redaktøren av lokalavisa Bygdeposten i Buskerud fikk i fjor sparken fordi ho skreiv kritiske artiklar og leiarartiklar um psykiatri og trykte kritiske lesarbrev um psykiatri. Ho skreiv millom anna um saker som FAMPO har teki upp. At ein avisredaktør får sparken på politisk grunnlag for å ha teki ytringfridommen på alvor er noko som burde ha skapt eit politisk jordskjelv.

Men dei som er tilhengarar av eikvar "god" sak, er av ein eller annan grunn stort sett ikkje tilhengarar av den gode saka antipsykiatri.

Jo Lundsbakken

Trykt som lesarbrev i Nationen tysdag 29. mars 2001 s.21